jump to navigation

Presentasjon av læringsressurs 11/06/2009

Posted by slarveblogger in Læringsressurs, Uncategorized.
3 comments

Først burde vi vel prøve å definere ordet læringsressurs. 

Læringsressurser er alt det en lærer bruker for å støtte undervisningen, det vil si alt fra oppslagsverk, kart og romaner, til kalkulator, tavle og kritt. Det samme gjelder digitale læringsressurser. Digitale læringsressurser kan med andre ord være både et verktøy til undervisningsstøtte (for eksempel presentasjonsprogrammer eller regneark) og elementer av innholdsmessig karakter (for eksempel en nettside eller et digitalt kurs). “    Kilde: www.uninett.no

Går ut i frå at denne oppgåva er å presentere ein digital læringsressurs. Vel då å presentere nettsida til læreverket som vi brukar i matematikk.

Eigenlaga Sinuslogo

Den finn du på www.sinus.cappelendamm.no 

Her kan elevane finne:

I tillegg har dei eigne lærarsider, som eg dessverre ikkje kan vise her, for dei er passordbeskytta :-)

At forlaget har laga komplett løysingsforslag til alle oppgåvene i boka og publisert dette på nettstaden sin tykkjer eg er svært bra. Då kan elevane bruke dette dersom dei står fast på ei oppgåve, og ikkje har tilgang til hjelp frå foreldre eller lærar.

Ein fagleg relevant video 11/06/2009

Posted by slarveblogger in Uncategorized, Videoar.
add a comment

Vi snakkar mykje om omdømmebygging på Hafstad vgs for tida. Vi har fått høyre at vi kan verte oppfatta som litt tradisjonelle. Vi ynskjer å jobbe med dette, og har lyst til å vise at vi er “meir enn ein skule”. Kanskje er vi like vel betre enn vi trur. Elevane har i årevis laga russerevy med høg kvalitet. Leita litt på YouTube og der fann eg denne videoen:

Vi har og vår eigen reklamevideo, men den lot seg ikkje laste opp på WordPress. Kunne sjølvsagt publisert den på Youtube først, for så å ha linka til den, men det vil eg ikkje gjere før eg har snakka med dei som har laga videoen.

Erfaringar i arbeidet mitt 11/06/2009

Posted by slarveblogger in Mine meiningar, Uncategorized.
3 comments

 Å vere opplæringsleiar ved Hafstad vgs er ein veldig lærerik jobb, der ein stadig møter nye utfordringar. Er heldig å få vere med på arbeidet med tilsetjingar, stillingsplanar og timeplanar. I tillegg har eg ansvaret for skulens felles prøveplan samt at eg er involvert i ein del digitale løysingar som skulen nyttar f.eks Sats, Skulearena, Fronter og Novachem. Eg har personalansvar for ca halvparten av lærarane ved skulen, og må ordne med vikarar når desse er borte.

I år har det vore ein ekstra spennande start på skuleåret i samband med innføringa av digitale lærebøker og eigen berbar pc på Vg1. Blir veldig spennande å sjå korleis dette fungerer framover, og korleis det vert evaluert.

Må nesten ta med eit bilete av gode kollegaer framfor slottet i Monaco.

monacco

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.