Ein fagleg relevant video 11/06/2009
Posted by slarveblogger in Uncategorized, Videoar.trackback
Vi snakkar mykje om omdømmebygging på Hafstad vgs for tida. Vi har fått høyre at vi kan verte oppfatta som litt tradisjonelle. Vi ynskjer å jobbe med dette, og har lyst til å vise at vi er “meir enn ein skule”. Kanskje er vi like vel betre enn vi trur. Elevane har i årevis laga russerevy med høg kvalitet. Leita litt på YouTube og der fann eg denne videoen:
Vi har og vår eigen reklamevideo, men den lot seg ikkje laste opp på WordPress. Kunne sjølvsagt publisert den på Youtube først, for så å ha linka til den, men det vil eg ikkje gjere før eg har snakka med dei som har laga videoen.
kommentarar»
No comments yet — be the first.